Page 14 - Næringsliv i Møre og Romsdal
P. 14

14
Innlegg:
Landbruket
- ein langsiktig stabiliserande faktor i økonomien
SomnyvaldleiariMøreogRomsdalBondelagerdetmifremsteoppgåveåarbeidetil besteforalledeistoreogsmåbedriftenesomutgjerdetsamlalandbruketvårt.Egveit det blir ei vanskeleg oppgåve å sjå og forstå behova til den enkelte bonde i det breie spekteret av produksjonstypar, bruksstorleikar og terreng og klimautfordringar vi har ifylket.Ikkjeminstblirdetkrevjandeåformidledettetilpolitikararogforbrukararpå ein klår og forståeleg måte.
I rapporten Vestlands- jordbruket – vinn eller forsvinn frå Agri Analyse kan ein lese at Møre og Romsdal er råka av ein fleirårig tilbakegang i produksjon av mjølk og kjøt. Det dyrka arealet har gått ned med 12 % sidan 2000.
Antal aktive gardsbruk er redusert med ca 2000. Mange gardsbruk leiger meir jord og blir større enn før. Men når bruka blir større vinn ikkje dei attverande å drive alt arealet, eller det ligg for langt unna. Resultatet er at for kvart bruk som vart lagt ned mellom 2003 og -07 gikk 5 daa ut av drift. Mellom 2008-13 gikk 18 daa ut av drift for kvart bruk som vart lagt ned. Produksjonen av storfekjøt har gått ned 30 % sidan 2000. For mjølk og lam er tala ca 15 og 19 %. Inntekta målt som vederlag for arbeid og eigenkapital er lågare for vestlandsbonden enn resten av landet og berre drygt halv- parten av løna til andre grupper.
Vi står framfor nok eit krevjande jordbruksoppgjer. I fjor gikk Bondelaget inn avtale, men det har vore diskutert i organisasjonen om avtalen
vart god nok. Sidan brotet i forhandlingane i 2014 då landbruket fikk sterk støtte i opinionen har stadig fleire forbrukarar og politikarar vorte meir opptekne av korleis maten blir produsert og stadig fleire meiner at vi må innrette politikken meir etter det naturgrunnlaget vi har her i landet. Meir mat på norske ressursar er i ferd med å bli eit mantra for fleire enn bøndene sjølv.
Landbruket er ei av få kom- plette næringskjeder i landet. I den samla kjeda frå jord til bord skapar landbruket og næringsmiddelindustrien verdiar for 140 mrd frå dei 14 mrd som er ramma i jordbruks- oppgjeret. Vi får att 10 gonger dei verdiane som blir sett inn.
Berre omkring 1 % av stats- budsjettet går til jordbruket. Det er ikkje så lenge sidan dette talet var 7 %. Ingen land i EU-området har billegare mat målt mot inntekt.
Vi arbeider berre rundt 1,5 timar for å betale for ei handlekorg med mat nok til ei vekes forbruk med basis- matvarer.
Viktig del av klimaløysinga
Etter klimaavtalen i Paris har landbruket vore mykje framme i diskusjonen om reduksjonar av klimagassar. Sjølv Erna Solberg har forstått det slik at det er dumt at kua prompar for mykje metan.
Men og på dette området syner det seg at di meir ein veit di mindre sikker blir ein. I ein rapport frå NIBIO viser Rose Bergslid frå Tingvoll og medforfattarane at det er store manglar i måten vi bereknar klimautslepp frå jordbruket på og at mjølk og kjøtproduksjon frå kyr sauer og geiter produsert på lokale gras- ressursar kan vere langt mindre klimabelastande enn det som har vore lagt fram til no.
Når regjeringa presenterer satsing på bioøkonomi er landbruket knapt nemnt, men landbruk er ikkje berre ein del av bioøkonomien. Landbruket er bioøkonomi. Landbruk i si breiaste forstand er sjølvsagt svært viktig i det grøne skiftet.
Langsiktig og stabil næring
Bøndene har alltid tenkt lang- siktig. Ikkje i fireårsperiodar,
men i generasjonsperspektiv. Edvard Hoem har kalla det barnebarnperspektivet.
Vi må gjere val som tåler at barnebarna våre går oss etter i saumane. Dette kan bøndene.
Og i tidlegare krisetider har folk erfart at landbruket bidreg til å halde trykket oppe i næringsliv og økonomi. Årets Unge Bonde 2014, Tor Jakob Solberg frå Østfold har det siste året fortalt mange om utviklinga i si eiga drift. Då finanskrisa slo inn for fullt i 2008 og mange bedrifter hadde ein tung periode investerte han millionar i nytt fjøs.
I entreprenørbedrifta som fikk kontrakten på fjøset var mange i fare for å bli permittert og oppsagt. Hans langsiktige satsing sikra fem-seks mann arbeid den vinteren, og han såg takksemda i augo deira når dei kom til garden om morgonen. Det vil vi og kunne sjå no under nedgangen i oljenæringa. Mange nye fjøs kan bli bygd, jord bli dyrka, skogsvegar og tømmerkaier bli bygde og tømmer henta ut. Møre og Romsdal har vorte eit stort skogfylke sjølv om mange ikkje heilt har oppdaga det enno.
Slik kan det bli, men det vil krevje at storsamfunnet legg økonomisk til rette for det. Investeringsmidlar, skatte- og avskrivingsreglar, reglar for omsetting av eigedom og vern av matjord må alle vere på plass for at det skal bli lønsamt å investere. Da kan vi sysselsette ikkje berre folk i
næringsmiddelindustrien,men bygningsbransjen, maskin- entreprenørar, transport- næringa, bank og finans, leverandøraravmaskinerog anna utstyr samt rådgivarar av ulik slag.
Vi er som andre nærings- drivande avhengig av god økonomi i den løpande drifta. I landbruket er det slik at prisane i ulik grad er politisk bestemt. I sum er drifts- kostnadane større enn driftsinntektene i næringa. Dette er eit resultat av mange år med ønske om stadig billegare mat, medan alle andre bransjar som vi kjøper varer og tenester av har hatt stor prisvekst.
Det er difor heilt nødvendig at det blir bevilga midlar over jordbruksavtalen for å gi økonomi i drifta.
Desse overføringane og dei andre grunnpilarane i landbrukspolitikken: Import- vernet, eigedomsreglane og forhandlingsretten med staten bidreg i sum til at norske forbrukarar ikkje merker dei store svingingane i matvare- prisar og eigedomsprisar som rammar folk i dei fleste land. Noreg er sjølvsagt eit dyrt land å produsere mat i med vårt klima, terreng og våre løner og kostnader og vi treng tollvern mot konkurranse frå land med langt lågare kostnader.
I tida framover vil landbruket legge meir vinn på å syne fram mange eksempel på dei mange dyktige, kreative og satsings- villige bøndene i fylket. Saman ønskjer vi å snu den negative utviklingstrenden.
Oddvar Mikkelsen, Leiar Møre og Romsdal Bondelag
Oddvar Mikkelsen, Leiar Møre og Romsdal Bondelag.

















































   12   13   14   15   16