Page 22 - Næringsliv i Møre og Romsdal
P. 22

22
Innlegg - Jenny Klinge: Ikkje svekk
Heimevernet på Nordvestlandet
Nr 8 - 2016
Regjeringa sin hovudambisjon i denne stortingsperioden ser ut for å vera å sentralisere mest mogleg på kortast mogleg tid. Dette fører lite godt med seg. Når dei attpåtil vil sentralisere forsvar og beredskap, går det ut over tryggleiken i det langstrakte landet vårt – og i Møre og Romsdal.
Katastrofale hendingar kan skje også her til lands, både menneskeskapte hendingar og katastrofar som naturkreftene fører med seg. Terroren den 22. juli 2011 var ein vekkjar som viste oss at vi må ta beredskapen meir på alvor. Då er det ikkje nok å styrke politiet; fleire aktørar er grunnleggjande viktige i beredskapen vår. Innsats frå Heimevernet vil ofte vera det viktigaste Forsvaret kan bidra med ved hendingar som trugar samfunnstryggleiken.
Når krisene rammar, vernar HV menneske og viktige samfunnsfunksjonar, som transportårer, straumnett og telefonliner.
Alvorlege hendingar kan skje i alle delar av Noreg. Heime- vernet må derfor vera
desentralisert og lands- dekkjande.
Lange avstandar
Regjeringa sitt nyaste forslag er at heimevernsbasen HV-11 på Setnesmoen i Rauma skal leggjast ned, trass i at det er den einaste basen mellom Bergen og Værnes. Setnes- moen er hovudbase for 3000 HV-soldatar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det er etter mi meining uforståeleg at denne stasjonen skal leggjast ned. Heimevernet kan mobilisere raskt nettopp fordi dei er der folk bur. Om leiinga av desse heimeverns- soldatane skal flyttast frå Setnesmoen til HV-09 i Bergen og HV-12 på Værnes, vil det svekkje viktige faktorar som nærleik og lokalkunnskap – noko som kan vera heilt avgjerande i ein krisesituasjon. Regjeringa må ta til fornuft og anerkjenne at vi treng eit sterkt Heimevern også på Nord- vestlandet.
Nordvestlandet spesielt utsett
Nordvestlandet har ein natur som mange stader gir fare for
stein- og snøskred, og området er særleg utsett for ekstrem- vêr. I regionen ligg det viktige anlegg og installasjonar, knytt til kraft- og energiproduksjon, samt olje og gass. Vi ser stadig fleire konsekvensar av klimaendringane, og kan ikkje forvente mindre ekstremvêr og øydeleggingar i framtida. Då orkanen Dagmar råka området i romjula 2011, gjorde HV-11 ein formidabel innsats under oppryddinga, både i Møre og Romsdal og i Fjordane. Denne hendinga viste kor viktig det er å ha Heimevernet i området.
I staden for å vera eitt av dei første områda som blir råka av innsparingar og nedskjeringar, burde Nordvestlandet heller vore eit prioritert område. Eg er overtydd om at vi vil få meir bruk for Heimevernet i framtida, ikkje mindre. Eg og Senterpartiet kjem derfor til å stå på hardt for å unngå at HV- 11 på Setnesmoen blir lagt ned når Stortinget skal handsame saka i haust. Vi er opptekne av å sørgje for forsvarsevne og beredskap der folk bur. Viss ikkje regjeringa får halde
Foto: Senterpartiet
Jenny Klinge sitter på Stortinget for Senterpartiet.
fram sentraliseringspolitikken sin i det uendelege, kjem det jo framleis til å bu folk i heile det langstrakte landet vårt.
Regjeringa leitar naturleg nok heile tida etter innsparings- moglegheiter, men det er verdt å merke seg at HV er eit billig forsvar som er over heile landet. Vi får rett og slett mykje forsvar for pengane med HV. Forsvaret og
Heimevernet kjempar for tryggleiken i landet vårt. No må fleirtalet på Stortinget også kjempe godt for Forsvaret og Heimevernet, og gå imot framlegga frå Regjeringa om å leggje ned HV-11.
Jenny Klinge Stortingsrepresentant, Senterpartiet
Fylkesmann i Møre
og Romsdal, Lodve Solholm.
Fylkesmann Lodve Solholm om et nedleggelsestruet Setnesmoen:
Dette er alvorlig
Får regjeringspartiene flertall for langtidsplanen som den er fremlagt, får det store konsekvenser for Møre og Romsdal.
– Responstid kan være forskjell på liv og død, sier Fylkesmann Lodve Solholm.
- Et Heimevern med lokal forankring og kunnskap er viktigere enn noen gang. Det er avgjørende for hvor fort man kan være på plass, og hvor effektivt man kan svare på uventende situasjoner. Enten det handler om natur- katastrofer eller terror er kort responstid ofte forskjell på liv og død. HV-11 med sin stab
må opprettholdes i Møre og Romsdal om vi skal kunne sikre innbyggere og installa- sjoner på best mulig måte. Det blir stadig mer ekstrem- vær. Ras og flom preger nyhetsbildet oftere og oftere, og vi må regne med at det kan skje større naturkatastrofer også i Møre og Romsdal.
Våre HV-soldater har denne lokale kunnskapen som er avgjørende ved både natur- katastrofer og terror.
Det er en trygghet å vite at vi har 3200 heimevernsoldater med lokal ledelse i vårt fylke. Det styrker oss i bered- skapen, og dagens struktur må opprettholdes, påpeker fylkesmann Lodve Solholm.

















































   20   21   22   23   24