Page 17 - Næringsliv Møre og Romsdal
P. 17

Nr 5 - 2016
17
Heile familien – eit medlemskap!
Frå 2016 tilbyr endeleg ÅST/DNT familiemedlemskap. Enklare og billegare for heile familien.
Hugsar du den aller første turen? Å leite etter raud T, å kome fram til hytta? Familiemedlemskap i ÅST/DNT gjer det enklare og billegare for familiar. Er du allereie medlem, kan du alt no oppgradere neste års medlemskap på «Min side» under aast.no.
Tilbodet om familiemedlemskap gjeld for to vaksne og alle borna i husstanden. Alle får kvart sitt medlemskort, og born under 12 år vert automatisk medlem av Barnas Turlag utan tilleggskostnad. Borna får tilsendt «Fjellpass». Alle må bu på same adresse, og familien får ein faktura. For dei som har store born som bur på same adresse som foreldra, er dette ekstra gunstig – store born kan vere med i familiemedlemskapet til 26 år. Har familien to born, er den nye familiemedlemskapen billegare enn dagens ordning. Har du spørsmål, kan du kontakte DNTs medlemsservice
på 40001870 eller medlem@dnt.
Prisen for familiemedlemskap er 1150,-
Kjenner du nokon som burde bli medlem?
Nye medlemmar får informasjon på www.dnt.no/medlem
Kva med å legge møtet til fjells?
Kaldhusseter turisthytte ligger i Tafjord, og vart totalrenovert i 2014/2015. Den gikk frå å vere ei betjent turisthytte til ei utleigehytte. Hytta har 37 senger fordelt på 11 rom. Ut.no/hytte/kaldhusseter
Det er no innlagt fiber, og prosjektor og lerret er lett tilgjengeleg på hytta. Vi leiger ut til bedrifter og privatpersonar/grupper, og hytta er ideell for alle aldersgrupper og ulike formål.
I første etasje er det storkjøkken med moglegheit til å servere varmmat, og ei stor stue og spisestue som kan slåast saman.
Hytta ligger lett tilgjengeleg med bilveg til døra.
Det er moglegheit for oppredde senger og vask av hytta etter bruk, dersom det skulle vere ønskeleg.
For priser og meir informasjon sjå aast.no, eller kontakt oss på: mail info@aast.no, telefon: 70125804.

















































   15   16   17   18   19