Page 7 - Næringsliv i Møre og Romsdal
P. 7

7
Tolke- og Translatørtjeneste
Vi leverer tolker på de fleste språk og oversetter alle typer dokumenter for næringsliv og offentlig forvaltning.
Noricom Nord AS avd. Ålesund
Tlf: 75 54 22 16 (Døgnåpent) www.noricom.no aalesund@noricom.no
HM
Hildre Maskin AS - Alt i grunnarbeid
Tlf: 70 21 71 16 Mobil: 951 80 823
Innlegg, Hamnsundsambandet: Kortare reisetid styrker regionen
Ta kontakt om du ønsker læreplass eller vil bli lærebedrift.
Ta kontakt med OKIH, Skjelt-Olebakken 9, 6270 Brattvåg, tlf. 70 21 71 70
www.okharam.no epost: okharam@okharam.no
Ulmatec Pyro AS, Gamlem, 6280 Søvik
Tlf: 70 20 98 70 www.ulmatec.no pyro@ulmatec.no
Guttorm Ulla er dagleg leiar i Haram Næring og Innovasjonsforum.
Det er særs viktig å styrke Sunnmøre som region med Ålesund som regionsenter. Gode løysingar for samferdsel innan verdiaksen langs kysten sør og nord for Ålesund er avgjerande for å få til det. Då må ein sjå planlagde samband
i samanheng, og vi meiner at Hamnsundsambandet vil vere nøkkelen for å få samla regionen på ein god måte. Med Nordøyvegen og Hamnsund- sambandet vil det vere om lag 45 minuttar innspart reisetid frå Nordøyane til Ålesund og flyplassen, og under ein time reise frå Søvik til Ulsteinvik!
For næringslivet er det særs viktig å nå Ålesund og flyplassen på ein effektiv måte. Tilgang til kompetent arbeidskraft og effektiv transport av varer og tenester er avgjerande for vekst, og det vert viktig å nå aktivitetane på Campus Ålesund. Det vil gi positiv effekt at eit sterkt næringsliv nord og sør for Ålesund vert knytt tettare saman.
Byutvikling
Hamnsundsambandet vil gi Ålesund tilgang til boligareal relativt bynært. Tilkomst til
Ålesund frå nord vil avlaste Brusdalsvegen, Moa og innfartsvegen i vesentleg grad og dempe utfordringane ein ser i dag. Nedkorta reisetid og mindre køkøyring vil ha positiv effekt på miljøet. Det vil og vere lettare for omlandet å nytte tilbod i byen – og omvendt.
Kommunestruktur
Dei komande månadene er avgjerande for framtidig kommunestruktur i regionen. Det synest vere stor semje om at det er viktig at Sunnmøre som regionen vert sterkare, for konkurransen med Bergen og Trondheim vert ikkje mindre! Utan tett samarbeid er det vanskeleg å sjå at Sunnmøre kan lukkast i å styrke stillinga, noko som mellom anna kan målast i talet på lokaliseringar av statlege institusjonar og hovudkontor i store bedrifter. Næringslivet på Nordre meiner at ei stor region-
kommune har større sjanse til å utvikle regionen til å bli sterkare enn mindre kommunar som må sam- arbeide for å få til dette.
Arbeidet i gruppa
Næringslivsgruppa har presentert synet sitt for formannskapa i Giske, Ålesund og Haram. Vidare
har vi hatt møte med styret i Hafast, og fått støtte for synet på samferdsel som samlande for vekst i regionen.
Målet er ein slagkraftig by-, bo og arbeidsmarknadsregion!
Guttorm Ulla
Dagleg leiar Haram Næring og Innovasjonsforum

















































   5   6   7   8   9